English (Engelsk)Deutsch (Tysk)Français (Fransk)Español (Spansk)Nederlands (Nederlandsk)Italiano (Italiensk)NorskSvenska (Svensk)Suomeksi (Finsk)
Dei tre gamle husa på garden vert brukte som utleigehus  
Husa
Vil du ha ferie på garden? Her er det noko for alle, anten ein ønskjer ro og fred ein så lett kan finna her, eller ein ønskjer ein aktiv ferie. Sjølv om alle tre husa er gamle, har dei elektrisitet, varmt og kaldt vatn og moderne baderom og kjøkken. Husa har blitt restaurert gjennom dei siste 10 åra, men dei gamle tømmerveggane og den gamle atmosfæren er framleis her. Fleire av møblene er like gamle som husa.

Du kan leiga eit eller fleire av dei tre husa på garden, heile året. Dei kostar like mykje å leige, men er av ulik stil og storleik, så ta deg tid å sjå gjennom skildringane og bileta av kvart av dei. Følg linkane til venstre for å læra meir om kvart hus.