

Du kan vera med på drift av garden, fiska i elvar, vatn eller sjø, bada, eller gå på tur.
Ein finn noko å gjera både sommar og vinter. Ligg tilhøva til rette om vinteren, kan du leika med ski og akebrett rett utanfor
døra, eller du kan gå på lengre turar i terrenget.
Bysentera Stavanger og Sandnes ligg berre halvannan times reis unna dersom de ønskjer det byen kan tilby i tillegg. Startar
du tidleg, kan du òg ta ein dagstur til Bergen og Haugesund.