
Skli på eit tjukt lag mose i elva eller kjenn krafta av 20 liter vatn i sekundet på skuldrene dine. Ein spesiell dam har vatn
som held opp til 30°C på ein solrik dag, fordi vatnet som kjem til dammen renn rett på berget i fleire kilometer. Vatna er
òg greie for ein lenger sømjetur. Folk i alle aldrar, heilt ned til spedbarnsalderen, kan finna noko som passar.
Føretrekk du saltvatn, kan du jo dra ned til stranda ved fjorden, berre 4 km frå garden, eller det fine strandområdet på Hjelmeland.
Strendene i nærleiken av Stavanger er òg internasjonalt kjende for dei fine bølgene sine. Ta med deg våtdrakt og surfebrett!