
Du kan vera sikker på å finna aure i alle desse vatna, frå dei minste på rundt hundre gram og opp til eit kvart kilo. I tillegg
er det mogleg å få både røyr og ål. Så lenge du er gjest på garden, kan du fiska gratis på vår eigedom innanfor eit visst
område. Du kan elles kjøpa billege fiskekort for store områder i nærleiken. Me har og ein båt og ein kano på det næraste vatnet
(300 m frå garden) som kan brukast gratis.
Det er og fullt mogleg å fiska etter laks. Ein kort gåtur frå garden er det ei rik lakseelv med ein årleg "haust" på over
1000 kilo laks. Ein finn òg sjøaure i elva. For omlag 100 kr dagen kan du fiska der, og med litt flaks, kjem du heim med ein
laks på fleire kilo i bagasjen. I nærleiken finn ein òg kjende lakseelver som Årdalselva (30 minutt køyring) og Suldalslågen
(1 time køyring).
Me bur berre 4 km frå ein djup fjord, Jøsenfjorden, kor du kan fiska sjøfisk. Viss du ikkje har flaks der, kan du reisa til
munninga av fjorden i kommunesenteret Hjelmeland. Me har båt begge stader.