

Den berømte fjellformasjonen Preikestolen blir besøkt av tusenvis av turistar frå heile verda. Dette er eit platå på omlag
30 x 30 meter som stikk rett ut av den bratte fjellveggen, 600 meter over Lysefjorden. Kjensla ein får når ein ser ned på
båtane under kan ikkje skildrast, den må opplevast.
Utgangspunktet for gåturen til Preikestolen ligg ein times køyretur frå garden. Turen til Preikestolen derifrå tek omlag to
timar kvar veg, så tilsaman er det ein kjekk måte å bruka ein dag medan du bur på garden.
Ein annan tur som er spanande er turen til Skomakarnibbå, som er vårt lokale svar på Preikestolen. Nyt utsikta til heile Ryfylke-bassenget
og til Jøsenfjorden 700 meter under deg langs turen. Denne turen eignar seg ikkje for små barn!
Spør gjerne oss på garden om turforslag. Me har mange års erfaring i fjella, og me finn nok noko som kan passa for alle. Me
kan òg låna ut kart.